Astrid og Bjarne Slapgards minnefond - Verdal kommune Gå til innhold Globalmeny Forsiden
tidlig-morgen-grensefjell

Astrid og Bjarne Slapgards minnefond

Utdeling av midlar 2018.

Stiftinga Astrid og Bjarne Slapgards minnefond er oppretta av Hovudutval for undervisning 11. mars 1999, etter avtale med arvingane og etter Bjarne Slapgards testamente. Stiftinga sitt formål er å dele ut renteinntekter av grunnkapitalen i tråd med testamentet, som på dette punktet lyder:

  • a) Den eine halvparten går til ein ung verdaling som har merkt seg ut ved god bruk av nynorsk (skoleelev, student, journalist eller liknande).
  • b) Den andre halvparten skal gå til ein einskild person eller organisasjon i kommunen som har lagt ned godt arbeid for ”Redd Barna”.

Det vert utdeling av midlar annakvart år. Dersom fondsstyret finn det formålstenleg, kan midlane delast ut kvart tredje år. Dersom ikkje styret finn verdige representantar, skal likevel rentene delast ut under a) til Verdal mållag, "Trønderlaget", eller "Noregs Mållag", under b) beinvegs til "Redd Barna", Oslo

Grunnkapitalen er kr 250.000, og i år skal det delast ut 2 * kr. 5.000,-.
Kapitalen blir forvalta av Komite mennesker og livskvalitet som har valt eit styre på tre medlemmer til å dele ut midlane

Forslag på kandidatar for tildeling av midlar frå minnefondet skal sendast Styret for Astrid og Bjarne Slapgards Minnefond, Johs. Bruns gt 2, 7650 Verdal eller bodil.breivikaas@verdal.kommune.no innan 31. august 2018. Forslag på kandidatar skal grunngjevast.



Publisert: 23.05.2018 07:00 Sist endret: 23.05.2018 20:57

Verdal kommune Postboks 24 7651 Verdal Besøksadr: Johannes Bruns gate 2
Tlf: 74 04 82 00 Faks: 74 04 82 02 E-post: postmottak@verdal.kommune.no
Åpningstid: Man-fre 09:00-15:30 Åpningstid: sentralbord 08:00-15:30 Org.nr.: 938 587 418
Nettredaktør: Ove Haugrud Ansvarlig redaktør: Jostein Grimstad Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS